Bio
NORSK
Heidi Kvelvane er 24 år og fødd og oppvaksen i Sandnes. Ho har saxofon utdanninga si frå jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen der ho vart uteksaminert våren 2023. No har ho base på Voss der ho livnærer seg av å spele saxofon og akkordeon. I 2022/23 var ho med på omlag 80 førestillingar av Lazarus musikalen med musikk av David Bowie på den nasjonale scene i Bergen. Ho har og spelt mykje i kyrkjer med organister, og spelt både konsertar og til dans som folkemusikar. Det er likevel som impulsiv og initiativrik musikar ho har utmerket seg på den norske impro-scenen dei siste åra. Dette har og ført til fleire internasjonale reisemål og turnéar. Ho har samarbeida med ettertrakta namn som Barry Guy, Terrie Ex, Han Bennink, Paal Nilssen-Love og Bugge Wesseltoft. Ellers er ho kjend frå Vestnorsk jazzensemble, Large Unit, Bergen bigband, Kitchen Orchestra, samt eigne prosjekter som Bankvelv, sin eigen kvartett og eigen trio.
​
ENGLISH
Heidi Kvelvane is a 24 year old saxophonist with a bachelor degree in jazz from the Grieg Academy in Bergen. She now lives in Voss where she makes a living of music both on saxophone and accordion. As an impulsive and enterprising musician, she has distinguished herself on the Norwegian improv scene in recent years. This has led to several international destinations the last years, including to Belgium where she played with the legendary Terrie Ex on guitar and the drum legend Han Bennink. Otherwise, she is known from projects with Per Zanussi, Paal Nilssen-Loves Large Unit, and Bergen big band, as well as own projects such as Bankvelv, and her own trio.